
OM konferansen
Visste du at Måløy er Noregs fjerde største fiskerihamn? Her finn du eit sterkt og mangfaldig marint og maritimt næringsliv – med alt frå lakseeksport og havbruk til skipsdesign, pelagisk industri og skipsverft i verdsklasse. Måløy er òg fødestaden til ei rekkje selskap, idear og løysingar som har sett spor i fiskeri- og havbruksnæringa. Difor er det heilt naturleg at vi samlar bransjen nettopp her!
Fiskeri- og havbrukskonferansen i Måløy er ein møteplass for alle som arbeider innan fiskeri, havbruk og tilknytte næringar. Her møtest næringsliv, politikk, forvaltning og akademia for å dele kunnskap, drøfte viktige tema og byggje nettverk. Konferansen byr på fagleg påfyll, spennande innleiarar og ekte historier frå røyndomen – med både lokale røter og nasjonalt utsyn.
Arrangementet er ope for alle, anten du er bransjeaktør, student, investor eller berre nysgjerrig på utviklinga i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.
Arrangører
ARRANGØR
Anne-Stine Meland
Rådgjevar, Måløy Vekst
-
Anne-Stine Meland er rådgjevar i Måløy Vekst og kompetansekoordinator i Studiesenter Kysten. Ho arbeider med å gjere høgare utdanning tilgjengeleg lokalt og legg til rette for kompetanseheving i næringslivet.
I arbeidet med Fiskeri- og havbrukskonferansen har ho vore sentral i utviklinga av programmet og har bidrege til å sikre eit fagleg innhald som speglar behova i kystnæringane.
ARRANGØR
Anette B. Jahre
Rådgjevar, Måløy Vekst
-
Anette Botnmark Jahre er rådgjevar i Måløy Vekst. Ho er involvert i fleire prosjekt, mellom anna Biohub Måløy, som er ein del av Grøn region Vestland.
I arbeidet med Fiskeri- og havbrukskonferansen har ho vore sentral i utviklinga av programmet og i å knyte saman aktørar som bidreg til å belyse nye moglegheiter i sjømat- og havbruksnæringa.
ARRANGØR
Seline Larsen
Kommunikasjonsrådgjevar,
Måløy Vekst
-
Seline Larsen er kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst og har ansvar for innhaldsproduksjon og formidling i digitale kanalar, i tillegg til fleire prosjekt innan rekruttering og bu-lyst.
I samband med Fiskeri- og havbrukskonferansen har ho ansvar for kommunikasjon, marknadsføring og den tekniske gjennomføringa, og bidreg til at både deltakarar og føredragshaldarar får ei profesjonell oppleving.
ARRANGØR
Nina Tysse
Rådgjevar,
Vestland fylkeskommune
-
Nina Tysse arbeider i Vestland fylkeskommune og har brei erfaring frå arbeid med næringsutvikling og kystrelaterte prosjekt.
Ho har vore ein viktig fagleg ressurs i planlegginga av konferansen, der ho har bidrege med innsikt og perspektiv på korleis fiskeri- og havbruksnæringa kan utviklast i samspel med regional politikk og samfunnsutvikling.
ARRANGØR
Frank Willy Djuvik
Dagleg leiar, Måløy Vekst
-
Frank Willy Djuvik er dagleg leiar i Måløy Vekst og har med seg solid erfaring frå både politikk, næringsliv og samfunnsutvikling. Som tidlegare fylkespolitikar har han lang fartstid i å arbeide for gode rammevilkår og vekst langs kysten.
Han er ein engasjert pådrivar som brenn for å skape utvikling gjennom samarbeid og nye idear, og har vore ein sentral drivkraft bak etableringa og vidareutviklinga av Fiskeri- og havbrukskonferansen.
FAGLEG RESSURS
Stein Kvalsund
CEO, Hub for Ocean
-
Stein Kvalsund er dagleg leiar i Hub for Ocean, eit nettverk som arbeider for å samle og styrkje kyst- og havnæringane. Han har lang erfaring med næringsutvikling, samarbeid og prosjektleiing, og har bidrege inn i konferansen med verdifull kunnskap om innovasjon, sameksistens og framtidsmoglegheiter i havnæringane.
FAGLEG RESSURS
Linda Årvik
Ervik Group
-
Linda Årvik arbeider i Ervik Group, eit konsern med røter i Måløy og verksemd innan både fiskeri, foredling og eksport. Ho har lang erfaring frå næringa og eit sterkt engasjement for vidareutvikling av kvitfisksektoren.
Som del av fagressursane i planlegginga av konferansen har ho delt sine perspektiv på korleis fiskeri- og havbruksnæringa kan utvikle seg i møte med nye krav og marknader.
FAGLEG RESSURS
Siri Solbakken
Selstad
-
Siri Solbakken representerer Selstad, ein global leverandør av utstyr og tenester til fiskeri- og havbruksnæringa. Ho har inngåande kjennskap til utviklinga av teknologi og løysingar som møter dei praktiske behova i næringa.
I arbeidet med konferansen har ho bidrege som fagleg ressurs med innsikt i teknologiske moglegheiter og utfordringar for kyst- og oppdrettsnæringa.
FAGLEG RESSURS
Beate Grønnevik
COO, Hub for Ocean
-
I tillegg til å vere konferansier under konferansen har Beate Grønnevik også vore ein fagleg ressurs i arbeidet med konferansen. Med bakgrunn frå leiing, merkevarebygging og næringsutvikling i både sjømat- og maritim sektor har ho bidrege med innsikt i korleis programmet kan spegle dei viktigaste utfordringane og moglegheitene næringa står overfor.

Ofte stilte spørsmål / Praktisk informasjon
-
Måløy ligg på kysten i Vestland fylke. Du kan kome hit med bil via E39/rv. 15/rv. 616, med buss frå Oslo, Nordfjord, Førde eller Ålesund, med hurtigbåt frå Bergen, med fly til Sandane(Anda), Florø eller Ørsta/Volda(Hovden), og vidare transport derifrå.
Meir info om båtruter Bergen-Måløy finn du HER.
Søk etter bussreise HER. -
Vi har halde av eit avgrensa antal rom på Thon Hotel Måløy som kan bookast direkte i billettsystemet når du kjøper billett til konferansen.
Dersom du allereie har meldt deg på, men gløymde å reservere hotellrom, kan du ta kontakt med oss på hei@maloyvekst.no, så hjelper vi deg!
-
Konferansen blir avheldt hovudsakleg på norsk.
-
Lokalet har universell utforming. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har behov for ekstra tilrettelegging!
-
Ja, det blir arrangert festmiddag etter konferansen. Du kan melde deg på ved å kjøpe billett HER!
-
Konferansen er primært fysisk, men digitale billettar vil bli lagt ut kort tid i forkant av konferansen.
-
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på hei@maloyvekst.no! Då når du fleire i arrangørgruppa, og vi vil hjelpe deg så raskt som mogleg!
-
Presse er hjarteleg velkomne til å delta på konferansen! Ta gjerne kontakt god tid i forvegen slik at vi får sikra pressepass og presseplass med bord og tilgang til straum!
Ta kontakt med hei@maloyvekst.no!